Norddalsfjord Grunneigarlag vart skipa i 1996. Laget vart skipa for å samordne felles inntresser blant grunneigarene. Hovedoppgava er å organisere fiskekortutleige for vatna i Norddalsfjord. Laget driv også med kultivering av vassdraga, for å gjere kvaliteten på fisken betre.
Det er 33 vatn som er knytt til fiskekort ordninga. I vatna er det forskjellig kvalitet og størrelse på fisken, men er for det meste bra. Fisken som fins i vatna er for det meste ørret, men det fins nokre få vatn med røyr også.
Etter kjøp av fiskekort kan ein fiske i alle vatna. Det er kun sett restriksjoner for fiske frå innmark. Det skal avtalast med grunneigar om ein ønsker å fiske langs innmark.
Det er også muligheit for leige av båt. Kvar det er båter, får ein opplyst om frå der dei selger fiskekort, det er påbudt med redningsvest. Laget har redningsvester til leige. Det er også muligheit for fiske med garn. Garnfisket skal KUN utførast med laget sine garn. Årsaka er at ein ønsker kontroll med dette fisket.
Fiskekort vert selt på G. Sport i Florø og på skilta plassar opp gjennom bygda. Pris 40 kr pr. døgn, 75 kr pr. veke og 250 kr pr. år.
Dei som er under 16 år fisker gratis.
Elvane Nordalselva, Gruvleelva og Lakselva er ikkje med i denne fiskekort ordninga. For desse elvane er det eigne kort og utleige ordninga.
|