|
Norddalsfjord Idrettsslag
|
Norddalsfjord idrettslag NIL , vart starta 10.03.38. Då laget vart starta var det fotball, ski og etter kvart friidrett som sto i fokus. Det er også desse idrettane i tillegg til orientering som har stått sterkast i lagets 70 årlige historie. Idrettslaget eig og driv grasbane og idrettshuset. Grasbana sto ferdig som den er i dag kring 1970. Idrettshuset stod ferdig og blei innvia i juli1980.
NIL står for trening for ulike aldersgrupper i skulen om vinteren og på grasbana på Moane om sommaren. Om vinteren vert det arrangert skiløp når snø og værforhold tillet det.
Utforløpet frå Midtbønipa er ein gammal tradisjon som vi har starta oppatt. Romjulsmarsjen er årviss og er snart 30 år gammal.
Tilstellingar som NIL står for og som er godt innarbeidd er påskefesten, jonsokkmoro og romjulsmoro.
Idrettshuset leiger laget ut til private arrangement som konfirmasjon, gebursdagslag , gravferder, bryllaup med mer.
|