Hjortejakt
Sogn og fjordane er det største hjortefylket i landet.
Florø er den største hjortekommunen i fylket.
Solheim er eit jaktfelt som er med i Norddalsfjord Storvald som er på totalt 155997da der Solheim er på 29000da av desse.
Når det vert snakka jakt i Norddalsfjorden så handlar det mest om hjort. Meir om hjortejakta i Norddalsfjorden her
Ferskvannsfiske.
Norddalsfjorden har flere fiskevatn opp igjennom bygda, I tillegg er det flere store som små fjellvatn med mulighet for godt fiske som består av ørret. Etter kjøp av fiskekort kan ein fiske i alle vatna. Det er kun sett restriksjoner for fiske frå innmark. Det skal avtalast med grunneigar om ein ønsker å fiske langs innmark.
Det er også muligheit for leige av båt. Kvar det er båter, får ein opplyst om frå der dei selger fiskekort, det er påbudt med redningsvest. Laget har redningsvester til leige. Det er også muligheit for fiske med garn. Garnfisket skal KUN utførast med laget sine garn. Årsaka er at ein ønsker kontroll med dette fisket.
Fiskekort vert på G. Sport i Florø og på skilta plassar opp gjennom bygda, og no kan du kjøpe via SMS. Pris 50 kr pr. døgn, 85 kr pr. veke og 260 kr pr. år. Dei som er under 16 år fisker gratis. (Meir info her - PDF)
Laksefiske
Elvane Nordalselva, Gruvleelva og Lakselva er ikkje med i denne fiskekortordninga. For desse elvane er det eigne kort og utleigeordningar. Fiske består ellers av sjøfiske i Norddalsfjorden som kan utøvas hele året. Her kan du gjøre virkelig storfangst av torsk, sei, makrell og sjøørret. Norddalsfjorden er mest kjent for Solheimselva der det leigast ut laksefiske. Meir om laksefiske her
|