start

skule

aktivitetar

arbeidsplassar

jakt og fiske

ferie og overnatting

tomter og utleige

lag og organisasjoner

fotogalleri

kontaktinformasjon



 
 
Meir informasjon om:

  • Norddalsfjord Skytterlag

  • Regndalen 4H

  • Heimhug Ungdomslag

  • Norddalsfjord Sanitetslag

  • Norddalsfjord Idrettslag

  • Grunneigarlaget


  •  
    Regndalen 4H

    Regndalen 4H er 4H-klubben i Norddalsfjorden. Namnet kjem av at klubben vart starta året 1994 etter at det vart satt ny nedbørsrekord i Grøndalen . Vi har møta våre på Solheim Skule. Etter møta pleier vi å spele litt volleyball eller noko før vi går heim.

    Målet til 4H er å ”Lære ved å gjere”. Medlemmene velger ei ny oppgåve kvart år, og dei kan velge i forskjellige kategoriar, som ”Hus og Heim”, ”Landbruk”, ”Dyr”, og andre. Desse oppgåvene må vere ferdige til Haustfesten for at dei skal bli godkjent. Då må du ha gjort alle dei praktiske oppgåvene, laga avtale med foreldra dine, laga ein plan på korleis du skal jobbe gjennom 4H-året, viss du er junior må du lage regnskap, og viss du er senior må du lage budsjett og.

    4H var eigentleg ein amerikansk landbruksorganisasjon for unge, sånn at dei skulle lære å ta vare på dyra og jorda sånn som i gamle dager, og ikkje gløyme gamle kunster. Men etter kvart breidde den seg over stort sett heile jorda, med untak av eit par land, der 4H er uloveleg. Det største av desse er Kina. Dei første 4H-klubbane i Sogn og Fjordane vart starta opp for om lag 50 år sidan, og no er vi det største 4H-fylket i Norge.

    Dei 4 ”H-ane” står for Hovud, Hjarte, Hender og Helse, og 4H-lovnaden går slik:

      Vi lovar å arbeide mot det mål,
      Å verte ein ungdom,
      Med klårt Hovud,
      Varmt Hjarte,
      Flinke Hender,
      Og god Helse.

    Regndalen 4H er ein aktiv 4H-klubb. Kvart år har vi Haustfest der vi stiller ut oppgåvene våre og har litt program. Der får du sjå kva vi har jobba med gjennom året.

    Dei siste åra har vi hatt ein Søndagskafèden søndagen som ligg nærast 4. Mai, for å feire 4H-dagen. Då inviterar vi heile bygda på kake og kaffi, og har det kjekt i lag. Men det siste året (2008) har vi hatt ein kafè i månaden, for å sjå om det ville vere lønnsomt å ha ein kafè der 4H har alle utgifter og inntekter. Denne ”undersøkinga” vert avslutta i August.

    Dei siste åra har vi og vorte meir aktive på leirar og sånn. I år (2008) var det heile 9 deltakarar som var på Fylkesleir på Eid, og vi hadde det kjempekjekt! J Til neste år er det Nordisk Leir på Breim, og då kan 4H-erar frå heile Norden komme til Breim og kose seg. Der håpar vi at alle som kan reise reiser. Ellers har medlemmene vore med på Styrekurs, Storkurs, Karneval, og Aspirantleirar. Dei sist sju åra har faktisk Regndalen 4H arrangert Aspirantleir to gonger. Ein gong i 2001, og ein gong i 2007.

    Ellers i år har vi plukka søppel langs vegane, og kom i avisa og greier.