|
Norddalsfjord Sanitetslag
|
Norddalsfjorden sanitetslag vart stifta 29. november i 1945 av Laura Sundal Skorpen. Første leiar eller formann som det då heitte var Sofia Steinhovden.
Aktivitetane i laget.
Stort sett er Saniteten med i det meste som skjer i bygda. Dette gjeld ymse arrangement som t.d. den tradisjonelle Sommarfesten og Jonsokmoroa, men også Open gard dei gongene den vert arrangert i bygda. Desse arrangementa skjer i eit samspell med andre lag og foreiningar i bygda. . Den årlege sanitetsfesten er om hausten, i september/oktober.
Elles har Saniteten tradisjonelt vore ein av støttepillarane i sorg og glede, og stilt opp når folk har behov for hjelp, omtanke og omsorg i nærmiljøet.
Foreiningslivet.
Laget har eit aktivt foreiningsliv som er delt om i to delar, ei samling på dagtid og ei på kveldstid. På dagtid samlast vi ”gamlingar”, i aldersgruppa frå 50- 90. På kveldstid samlast ”ungdomen”, frå 30 til 50.
Årsaka til denne delinga er at dei unge er yrkesaktive, småbarnsforeldre har fjøsstell. Vi eldre er meir tradisjonsbundne og føler at det er vanskeleg å bryte tradisjonane. Dessutan har dei eldre vanlegvis høve til å møte på formiddagstid. Desse samlingane går på omgang heime hos medlemmene.
Møteverksemda.
Vi kallar desse samkome for arbeidsmøter. Vi produserer då masse pent og nyttig handarbeid, som for eksempel går til utlodning på basarar. Vidare har vi det veldig hyggeleg med kulturelle innslag av forskjellig karakter, som song og diktlesing, og lesing av innlegg fra aviser og tidsskrift. Dessutan tar vi også fram nytt fra saniteten lokalt og sentralt. Dette inneheld info av ymse slag.
Så har vi eit godt måltid mat med heimebakst og kaffi. Praten går då livleg på kvinners vis der temaene er mange fra dramatiske sauefødsler, lokale saker og dei store verdsproblema.
Møtet vert avslutta med loddsal som seg hør og bør der sanitetskvinnene er samla. Dette er noko vi har internt i laget til oss sjølv, og som kan brukast til reiser, ete god mat osv. Elles tar medlemmene utflukter, som regel innafor fylkesgrensene eller for eksempel til Bergen, til sosial hygge og nytte.
Laget og bygda.
Elles har laget gjort mange innkjøp av utstyr til grendahuskjøkkenet, for eksempel dukar, dekketøy, bestikk, bord og stolar. Og har på det viset fått eit funksjonelt og fint grendahuskjøkken.
Men laget har også saman med andre lag og foreiningar i bygda gjort diverse dugnadsarbeid.
|