Moaene
På nordsida av idrettsbana på Midtbø (bildet over) ligg eit område som egner seg godt til å husbygging. Området er sørvendt, der er forholdsvis flatt med litt skog med fjell i dagen. Skulen og grendahuset ligg berre to km unna. På nokre få minutt kan du gå til Midtbøvatnet eller du kan fiske i elva som går mellom vatna. Vil du gå på tur med fiskestanga går den gamle grendavegen rett forbi til Sundalsvatnet. Nærmeste nabo blir fotballbana som ligg rett under med dei aktiviteter der kan vere. Er du interessert? Ta kontakt med grendelaget så kan synfaring og kontaktar ordnast.
 Klikk på bildet for større oppløsning Myrane
På eit lite høgdedrag nord for Myrane og Fylkesvegen ligg eit flott område som høver godt til å bygge bustader. Området er sørvendt, men forholdsvis flatt med glissen skog og litt myr og fjell i dagen. Skulen og grendahuset ligg berre ein km unna. På nokre få minutt kan du gå til Solheimsvatnet, og skal du på tur går turvegane rett forbi. Sjølv om du bur usjenert på Myrane er det likevel ikkje langt å gå til gode naboar. Er du interessert? Ta kontakt med grendelaget så kan synfaring og kontaktar ordnast.
 Klikk på bildet for større oppløsning Strømsneskrysset
Innanfor Strømsneskrysset ligg det mange fine bustadtomter. Det er fin utsikt til sjøen og fjella . Det er sol nesten heile året
Området er sørvendt, men forholdsvis flatt med glissen skog og litt myr og fjell i dagen. Skulen og grendahuset ligg 10km unna.
Det er eit stille og fredligt område for dei som liker natur, det er mange fine turmuligheter i område.
Det ca ein halv time å gå til Likkjevatnet og eit par timer meir til Børa
Det er ca 10 min å gå til Strømsneskryset der det er bussforbindelse med Florø, Førde og Svelgen.
Avstand med bil er 20 min. til Florø, 30 min. til Svelgen og 35 min. til Førde. Er du interessert? Ta kontakt med grendelaget så kan synfaring og kontaktar ordnast.
|