Jakt

Der er lange tradisjonar for jakt i Norddalsfjord. Med eit av Noregs beste hjorteterreng, er spesielt hjortejakt populært.

Hjortejakt

Der er lange tradisjonar for jakt i Norddalsfjord. Med eit av Noregs beste hjorteterreng, er spesielt hjortejakt populært. Det er mange jaktlag i bygda og det blir felt hjort både på utmark og innmark.

Hjort

Alle jaktlaga i bygda er medlemmar i Norddalsfjord Storvald. Norddalsfjord Storvald det største valdet i Flora Kommune, med eit areal på over 170432 dekar og eit uttak av 310 dyr. Valdet strekker seg fra Grøndalen i øst og inkluderer øyene Kinn, Reksta og Furesund vest for Florø.

Vi er i eit av kjerneområda til hjorten både som oppvekstområde og jaktområde. I tillegg er det i Norddalsfjorden på både nord- og sørsida trekkruter for hjort som seint på hausten er på trekk mot kysten. Dette kan føre til at det tidvis samlar seg svært mange dyr. I seine kveldstimar og tidleg morgon kan ein oppleve desse sky dyra på nært hald i sitt naturlege miljø.

I desember 2013 viste NRK en episode av Ut i Naturen, kalla Hjort i Siktet, der eit av innslaga var frå hjortejakt i Norddalsfjord.

Småviltjakt

Rype

Småviltjakta kjem i skuggen av hjortejakta. Det er både rype, orrfugl og hare i fjella rundt Norddalsfjord, men store bestander er det ikkje snakk om. Der er ikkje mange som jaktar småvilt i Norddalsfjord.