start

skule

aktivitetar

arbeidsplassar

jakt og fiske

ferie og overnatting

tomter og utleige

lag og organisasjoner

fotogalleri

kontaktinformasjon



 
Kunngjeringar

Sommarfest i Norddalsfjorden laurdag 3 juli 2010


Hjorteskytinga 2010 (PDF)


Treningstider - Norddalsfjord Idrettslag


Fiske i Sundalsvatn (STOR aure!)


Fiskekort via SMS
Arkiv


 
Norddalsfjord er ei lita idyllisk bygd i Flora Kommune.

Bygda ligg langs innerste delen av Norddalsfjorden frå Klauvene i vest og vidare opp gjennom dalen til Grøndalen i øst, ei strekning på 30 km Snittavstand med bil er 30 min. til Florø , 45 min. til Svelgen og 50 min. til Førde.

Her bur 177 personer, vi har barnehage, barne og ungdomsskule. Skulen er kombinert skule-og samfunnshus. Bygda har mange aktive lag og organisasjonar og eget idrettsanlegg med grasbane og klubbhus og er ein god plass å bu.

Solheimsvassdraget strekker seg gjennom bygda og er ein perfekt plass for fiskeintresserte både nede i dalen og i dei mange fjellvatna. Det finnes både lette og krevjande turar med Ålfotbreen i enden som er den vestlegaste breen i landet. Dalen har rike tradisjonar på hjortejakt og det blir felt ca: 185 dyr pr. år og er med i Norddalsfjord Storvald. Her er og muligheiter for fuglejakt. Norddalsfjorden er ei velstelt jordbruksbygd med fleire minikraftverk, samt to settefiskanlegg som sysselset om lag halvdelen av bebuarane. Resten pendlar til dei nærmaste tettstadane.

I Norddalsfjorden er det god plass og gode muligheiter for fleire, rett og slett ei perle på jord